I januar introduserte Ukraina satsinga «Brave1 Dataroom» saman med den amerikanske tek-giganten Palantir.
Annonse
Dette er ein digital plattform som ukrainske KI-selskap kan bruke til å teste algoritmane sine med ekte opplysingar frå slagmarka.
Palantir har opna for at denne sensitive informasjonen kan delast med andre land i framtida.
Dette kan vere av interesse for Noreg, seier den norske forsvarsministeren.
– Det er noko sensitivitet i dette spørsmålet, så eg kan ikkje dele alt, sa Tore O. Sandvik på eit nyleg dronearrangement i Oslo.
Han fortalde likevel at Noreg «ser på» løysinga, og at Ukraina er «ivrig til å samarbeide veldig nært» med land som støttar dei.
– Vi vil samarbeide med Ukraina, også innanfor Brave1-rammeverket så det vil vere moglegheiter også for den informasjonen, sa Sandvik.
– Så vi må snakke om korleis ein brukar det, korleis ein samlar inn, og korleis vi behandlar det.
Kva er Brave1?
Brave1 er den ukrainske regjeringa si satsing for samarbeid i forsvarsindustrien, med særleg fokus på ny teknologi.
Til dei som vil støtte Ukraina økonomisk gjennom Brave1, tilbyr landet ei rekke gode, som direkte tilgang på ukrainsk forsvarsinnovasjon.
DRONEFORUM: Det var under ein paneldebatt med den latviske forsvarsministeren (venstre) i Oslo at spørsmålet om KI-data kom opp.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets Forum
Ukraina annonserte 17. mars at det opnar eit nytt forsvarssenter for KI, ved namn «A1», med støtta dei får av Storbritannia.
Alle nøkkelområde innan krigsstrategien skal få eit slikt senter, ifølge pressemeldinga, som siterer forsvarsminister Mykhajlo Fedorov.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.