Nyheter

Norsk folkehjelp: Kjøp av israelske våpendelar viser «dobbeltmoral»

Selskapa som har levert forsvarsutstyr til Noreg «medverkar aktivt til folkemordet i Gaza», seier leiaren for Norsk folkehjelp.

ISRAELSKE KOMPONENTAR: Hjelmsystemet om bord i F-35, også dei norske, er laga av amerikansk-israelske RCEVS.
Publisert

Vi treng ein diskusjon om israelsk våpenteknologi i det norske forsvaret, seier Raymond Johansen til Forsvarets forum.

– Norsk regjering og andre tek kraftig til motmæle mot at Israel ikkje følger menneskerettane, folkeretten, ting Noreg ser på som viktig, seier han.

– Samtidig viser ein til, som ein også svarte med fregattane, kor avhengig ein er av komponentar som er israelske høgteknologiske militære investeringar.

Ei undersøking som Forsvarets forum har gjort, og Forsvarsmateriell (FMA) har bekrefta, viser at minst sju våpensystem i Forsvaret inneheld israelske delsystem eller komponentar.

ARTILLERI: Her blir ein K9 vist fram under Nato-sjef Mark Rutte (midten) sitt besøk til Cold Response. Brannvernsystemet har komponentar av Beth-El Zikhron Yaaqov Industries.

– Kva tenker de om den lista?

– Det er i alle fall ei lang og mektig handleliste, seier Johansen.

– Vi får ikkje gjort så mykje med allereie inngåtte kontraktar, men det som er særleg viktig her er å spørje i kva for grad Forsvaret har gjort aktsemdvurderingar i forkant av desse kjøpa.

Norsk Folkehjelp-toppen etterlyser oppgjer med norsk bruk av israelsk militærteknologi i forsvaret.

Desse, meiner han, bør sikre at «Noreg ikkje blir kopla til brot på folkeretten og menneskerettane».

– Det er tett samarbeid mellom israelske våpenselskap og det israelske militæret. Dette betyr at selskapa vi bruker som delleverandørar medverkar aktivt til folkemordet i Gaza, seier Johansen.

– Det eg er veldig engsteleg for, er at ein så til dei gradar opererer med ein dobbeltmoral.

FD: – Ikkje noko generelt forbod

Forsvarsdepartementet (FD) ser ikkje på Forsvarets forum si oversikt som lang og mektig. 

Derimot er den «svært avgrensa», skriv spesialrådgivar i FD Birgitte Syvertsen Frisch.

Desse systema har israelske delar

  • F-35 kampfly
  • Alle CV90-køyretøy
  • Dei nye Leopard-stridsvognene
  • K9
  • K10
  • Wisent 2
  • Dingo 2
  • Type 26 (fregattane)

– På same måte som andre europeiske land, har ikkje Noreg innført ein generell boikott av Israel, skriv Frisch vidare.

– Det er heller ikkje noko generelt forbod mot at israelske selskap eller personar eig eller investerer i norske selskap.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Innkjøp som dei i oversikta «krev ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle», ifølge Frisch.

Tidlegare i vår sa også forsvarsminister Tore O. Sandvik at det var «heilt uaktuelt» for Noreg å bestille skreddarsydd forsvarsmateriell.

– Det vil gjere det heilt umogleg å bygge opp forsvaret, og det vil også gjere det veldig vanskeleg å vere integrerte i Nato, sa han.

Framleis imot fregattane

Før regjeringa i fjor signerte avtalen om å kjøpe britiske fregattar, sa Bjørnar Moxnes i Raudt at dei ikkje kom til å støtte det.

Moxnes er medlem av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Årsaka til motstanden, seier han, var at fregattane vil innehalde system laga av israelske Elbit, som han omtala som «eit verstingselskap». 

– Vårt syn på dette ligg fast, skriv Moxnes i ein e-post til Forsvarets forum.

– Raudt meiner at Noreg må gå saman med dei europeiske landa som ikkje berre jobbar for å kople seg ifrå amerikansk våpenindustri, men også den israelske.

TYPE 26: Fregattane som Noreg kjøper av Storbritannia inneheld også delsystem frå israelske selskap. Her står ein på hamna til svenske BAE Systems i Glasgow.

Han viser vidare til at Noreg har oppmoda andre land til å slutte seg til Haag-gruppa, ei samanslutning av land som tek til orde for juridiske og diplomatiske tiltak mot Israels folkerettsbrot.

Eitt av Haag-gruppa sine tiltak er å gå igjennom alle offentlege innkjøp for å stoppe bidrag til Israel sin ulovlege okkupasjon av palestinske område.

Venstre vil ikkje gå slett så langt, seier stortingsrepresentant Grunde Almeland.

– Vi meiner heilt klart at regjeringa må jobbe for at det ikkje skal vere delar frå israelske våpenleverandørar i norske våpensystem, seier han.

– Eg meiner likevel ikkje at vi kan reversere innkjøp som allereie er gjorde. Det ville gått ut over nordmenn sin tryggleik på ein uakseptabel måte, dersom vi skulle stått utan for eksempel fregattar og kampfly.

Skil mellom mekanikk og sårbarheiter

NYANSAR: Det er mogleg å velje bort israelsk teknologi «i dei fleste tilfelle», meiner SV.

SV ventar at «regjeringa strekker seg langt» for å finne andre alternativ enn dei som inneheld israelske delar, seier partileiar Kirsti Bergstø.

Ho er medlem av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

– Vi meiner at Noreg ikkje skal vere med på å bidra økonomisk til den israelske krigsindustrien. Det er også betre for vår eigen tryggleik, fortset ho.

– Samtidig er det ein forskjell mellom rein mekanikk på den eine sida, og på den andre, teknologi som gjer at israelske selskap har tilgang til sensitiv informasjon.

«I dei fleste tilfelle» er det mogleg å velje system utan israelske underleverandørar, meiner Bergstø.

FMA er ikkje einig i dette. Dei har tidlegare uttala at innkjøpa av materiell med israelske underleverandørar «er ein konsekvens av korleis det norske systemet for innkjøp er sett opp».

I august i fjor intervjua Forsvarets forum Une Bastholm i MDG. Bastholm sa då at «Forsvaret må gjere seg uavhengig av israelsk våpenindustri».

Vi har vore i kontakt med partiet om denne saka. Dei ønsker ikkje å kommentere den siste utviklinga.

Powered by Labrador CMS