Bokmelding:

NY BOK: Håkon Lunde Saxi og Martin Lau Slåtten er ute med ei ny bok om Forsvarets innsats på Balkan. Asgeir Ueland har meldt boka.

Mykje nytt frå Balkan-fronten

Håkon Lunde Saxi og Martin Lau Slåtten har skrive eit godt referanseverk om Norges rolle under konflikten i det tidlegare Jugoslavia.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forfatter Asgeir Ueland har meldt boka Krig i Europa - Forsvaret på Balkan, 1992-2005 av Håkon Lunde Saxi og Martin Lau Slåtten. Fagbokforlaget, 670 sider.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Mørkeret hadde alt festa grepet i Indre Troms, då major Andreassen stod på golvet i M- 577en. I KO-vogna suste radioane. Koordinatane vart kalkulerte. Og majoren, som var S-3, operasjonsoffiser, heva si rolege røyst og sa:

– Dette er åtte-ein, over.

Det er 29 år sidan denne hendinga. Andreassen hadde vore fråverande dei fyrste månadane me unge artilleristar var i Brigaden i Nord-Norge. Men no stod han der. Roleg, avmålt, litt som i ei anna verd. Han let oss ta sambandet. Då han tok over, oste det av autoritet, og kapteinane i batteria tok straks over mikrofonane. Når «åtte-ein» tala, var det alvor.

Han sa aldri mykje, jamvel om me lurte på kva han hadde opplevd der nede på Balkan. No i ettertid verkar det litt rart at opphaldet han hadde hatt i det tidlegare Jugoslavia aldri kom opp som noko tema gjennom dei mange timane i felt under mørketida.

Men eg vart minna på denne tida då eg las starten av «Krig i Europa. Forsvaret på Balkan 1992-2005». Majoren var altså ein av pionerane frå ein region me visste lite om, anna enn at det var den einaste staden i Aust-Europa oppløysinga av kommunismen førte til borgarkrig.

Kva han hadde sett der nede forblei eit mysterium. Kvardagen i KO-et handla fyrst og fremst om koordinatar, eldskur, sprengtempering og om me skulle skyta pri for 2. bataljon eller Panserbataljonen. Og så øvde me med Nato.

Det næraste me kom ein Balkan-referanse, var før ei forflyting. Kodeordet for det var «kroat», og fenriken som hadde vakt, ropte til alle stasjonar at dei skulle førebu «eks-jugoslav», det vart eit hav at «gjenta, over» i retur. Balkan var fjernt frå Indre Troms.

Hollendar på dimmetur

Då me dimma drog nokre til Libanon, men det var aldri snakk om at nokre av dei ein brukte eit vernepliktsår i lag med, skulle til Balkan. Det var noko nytt, og frå nyhendene så det ganske farleg ut òg. Kor farleg det var visste me ikkje.

Men nokre år seinare, då eg hadde dradd ut i verda, trefte eg ein nederlendar som hadde opplevd Balkan på sitt verste. Det var seinhaustes 1995. Eg mjølka kyr på ein kibbutz (arbeidskollektiv, red.anm) og skulle samtale med denne fyren.

Han fortalde nokre ting om Bosnia, og sa han hadde fått råd om å dra på kibbutz for å få det han hadde opplevd ut av systemet. Det var mange rare folk som dukka opp slike stadar, men aldri nokon så fjerne som han.

Ordet Screbrenica hadde ikkje festa seg hos meg den gong. Men i ettertid forstod eg kva han hadde vore med på. Han forsvann etter få veker. Det siste eg såg av han var at han sat i dusjen med to unge svenskar som hadde vodkafest der. Dei var nakne og let vatnet renna frå ein varmvasstank på 10.000 liter.

Gradvis forsvann dei i dampen, og det var fyrst mange år seinare eg forstod at nederlendaren hadde forsvunne i ein slags damp der i Bosnia. Eg hadde sett posttraumatisk stressyndrom i auga, men eg trudde det eg så berre var ein fjern nederlendar. Sett vekk frå orda Bosnia og Screbrenica, sa han omtrent like lite som majoren. Det var ingenting å verte klok av.

Les også: I 2020 var det 25 år siden folkemordet i Srebrenica.

Fjern lengsel

Krigen i Bosnia vart avslutta det året. Men tilfeldigvis hadde eg kjøpt ei bok grunna det kule omslaget – Balkan Ghosts av Robert D. Kaplan. Då eg endeleg las boka vart eg fascinert av dette området av verda, mest som ein hobby. Boka var billeg, men kosta meg dyrt.

Litteraturlista var eit utømmeleg lager av tjukke bøker frå dyktige skribentar som skildra det balkanske kaoset lenge før Jugoslavia gjekk opp i liminga. Under krigen i Kosovo drog eg gjennom boka til Noel Malcolm om staden. Kanskje leid eg på denne tida av det tyskarane kallar for «fernweh», ein lengsel etter stadar ein aldri har vore.

Medan ting tilsynelatande roa seg på Balkan, flaug to fly inn i World Trade Center den 11. september 2001. Med det forsvann regionen som hadde prega nyhendene i nær eitt tiår, vekk frå eteren. Og det som ikkje er der, vert fort gløymd.

Gamal lærdom rustar ikkje. Det er litt som når ein tar opp tråden med gamle kompisar. Ein trykker på ein knapp og så kjem det ganske raskt attende. Balkanbiblioteket kjem alltid godt med. Kanskje er det ei trong til å forstå det komplekse, og skrelle av laga som ein lauk, som driv ein. Men no, med denne gode og særs viktige boka til Håkon Lunde Saxi og Martin Lau Slåtten, kjem alt plutseleg veltande ut av skuffa. For der dei byrjar boka, attende i 1992, levde me ennå i ei analog verd. Folk omtalte ennå ikkje hovudet som harddisken.

Sett vekk frå Andreassen, var det ikkje mykje eg hadde i skuffa om nordmenn og den norske innsatsen der nede. Nokre få anekdotar har eg rett nok høyrd, men for mange har Balkan-høgdene vorte erstatta av fjellkjeda Hindu Kush.

Som forfattarane peikar på, var Kristoffer Egeberg med på å oppfriske litt om Noregs innsats på Balkan i «Fredsnasjonen Norge». Den gong var det berre ein del av den lange norske blåhjelm-soga. Med denne boka får me eit mykje meir utfyllande bilete av perioden 1992-2005, då norske soldatar let feltstøvlane sette avtrykk i det som lenge var det siste urolege hjørnet i Europa, men kor soldatbein sidan Romarriket hadde trampa og stått på post, medan Noreg ennå var nokre bygdeborger i grisgrendte strøk.

Krigen i Bosnia bryr dei seg ikkje om, men kjem du trekkande med ei valdtekt på Figgjo, då snakkar dei.

Hans Christian «Besten» Hansen, renovasjonsarbeidar og musikar, fyrste halvleik av 1990-talet.

Krigen på Balkan var ofte i nyhendene, men kor mange brydde seg? Knapt eitt år hadde gått sidan Sovjetunionen gjekk i oppløysing til borgarkrigen, og lausrivinga frå unionen me alle kjende som Jugoslavia, starta. Og som me har sett med tilfellet Andreassen, så kom det nordmenn dit alt i 1992.

Dei uttekne vart høveleg presentert i lokalavisene rundt i landet i november. På biletet står dei lina opp, alvorlege, før avreisa. I dag minner biletet om ei anna tid, kor lokalsamfunn fekk lese om at ein av deira skulle ut i FN-teneste. Det syner at når ein kom i gang i Bosnia, var Noreg framleis ganske provinsielt – ein hadde ennå ikkje vorte verdsmeistrar i alt.

Og det er nett her, med lagbiletet i lokalavisene, at det høver seg å vende merksemda til del ein av boka om Balkan. Dette er starten. Det byrja med FN-styrka som snart vart kjend som UNPROFOR.

Nær når det smalt

Delen som omhandlar FN byrjar dramatisk. I september 1992 er ein norsk Hercules er på veg med naudhjelp til Sarajevo. Nokre minutt før vart eit italiensk fly på same oppdrag skote ned. Det fyrste halvanna året er det norske bidraget relativt lite, deretter auka det til kompanistorleik i 1993, og så til ein bataljon i 1994-95.

Men framleis har Noreg størst fotavtrykk i Libanon. At Balkan skulle ta over, og med tida slusa gjennom omtrent 12.000 nordmenn, var det få som såg føre seg den gong. Samstundes er soga om den fyrste tida òg ei velskriven soge om både eit komplekst landskap og ein nølande norsk tryggleikspolitikk.

Det var lenge motstand mot å sende norske kampstyrkar til landet, og dei fyrste åra var nordmennene stort sett delar av støtteelement. Samstundes var det òg bidrag på havet frå Marinen og, som me har sett, transportfly frå Luftforsvaret. Forfattarane gjer ei god oversikt over innsatsen til dei fleste våpengreinene, og dei ulike utfordringane dei stod ovanfor.

Samstundes kjem det òg godt fram at tilhøva rundt det som skjedde, særskild i Bosnia, var mykje meir komplisert enn det ein tidlegare var vand med. Det kjem godt fram at USA støtta bosniarane, og delvis kroatane. Den gong var USA verdas einaste supermakt, men dei deltok ikkje i FN-styrka.

Det gjorde derimot Storbritannia og Frankrike, som hadde eit mykje meir ambivalent forhold til dei to grupperingane som fekk gehør i Washington. Med tida vart nordmenn vitne til hemmelege operasjonar frå amerikansk side. Og denne fyrste tida vart godt summert opp gjennom eit gamalt sitat frå tidlegare utanriksminister Knut Frydenlund:

– Noreg ønska å vere med utan å vere med, eller omvendt.

Aggressive danskar

Det manglar sjølvsagt ikkje på dramatiske hendingar i den fyrste FN-tida for nordmennene. Og dei to forfattarane har gjort eit godt stykke arbeid i å få fram dei store linjene, krydra med samtalar med einskilde personar.

Det som likevel slår ein i den fyrste delen av boka er kor mykje meir «på» svenskane, og særskild danskane var. Delvis handlar det om at Noreg på denne tida freista å «rebrande» seg som fredsnasjonen. På den andre sida skal ein heller ikkje undervurdera den nasjonale psyken på denne tida.

Den danske journalisten Joakim Jakobsen har peika på at det skjedde noko med den danske nasjonale psyken etter fotball-VM i 1986. Då la dei av seg åket frå nederlaget for Preussen i 1864. Om me fører denne tankerekka vidare, så vart denne ytterlegare styrka etter sigeren i EM i 1992, då Danmark fekk rest-Jugoslavia sin plass.

Her ligg kanskje noko av forklaringa på kvifor danskane var viljuge til å engasjera dei serbiske styrkane i Operasjon bøllebank i 1994. For svenskane handla det kanskje meir om å finne ein veg i den nye verdsordinga som oppstod etter slutten av Den kalde krigen. Det er fascinerande å lesa om at våre naboland var viljuge til å strekke strikken lengre enn Noreg.

Politisk dreiing

For Noregs del kom vendepunktet gradvis, og det kom med Nato. I den fyrste tida av krigen i Bosnia hadde Noreg prioritert «tradisjonelle fredsbevarande operasjonar, eit sterkt humanitært fokus, og fyrst og fremst med styrker i støttefunksjoner».

Etter Natos intervensjon i 1995, Dayton-avtalen og slutten på krigen i Bosnia, gjekk 1990-talet mot slutten med at «Utenlandsoppdrag hadde i laupet av åra i Balkan fått ein merkbart aukt betydning i norsk forsvars- og sikkerhetspolitikk… Då den siste større norske kampavdelinga forlot Bosnia i november 1999, var deltakingen i internasjonale militæroperasjonar løfta høgt opp på den norske forsvarspolitiske agendaen».

Det er fascinerande og litt befriande at forfattarane peikar på at dette ikkje hang saman med stabilisering av forholda lokalt, men å trygge norske tryggleiksinteresser. Formelen om at bidrag ute trygga heimen, vart på mange måtar den rådande linja fram til den russiske okkupasjonen av Krim i 2014. Samstundes går det ei ganske rett line frå krigen i Kosovo i 1999 og fram til desse hendingane 15 år seinare, som det siste året har eskalert ytterlegare gjennom krigen i Ukraina.

Midt i kimen til ei ny tid, nemleg Russlands comeback som ein internasjonal aktør, stod dei norske spesialstyrkane frå FSK, som var dei fyrste vestlege styrkane på flyplassen utanfor Pristina. Her vart dei norske spesialstyrkane ståande auge til auge med den russiske hæren.

I ettertid har hendingane kring flyplassen vorte mest kjend gjennom den britiske generalen Mike Jackson sitt sitat om at han ikkje ville starte tredje verdskrig. Men ein skal heller ikkje undervurdera den psykologiske effekten på Russland, som «slo» Nato i kapplaupet mot flyplassen, og fekk attende den nasjonale æra etter å ha vore ein slags rusthaug sidan 1991.

At det ennå gjekk nokre år før dei synte musklar mot Vesten, kan henga saman med at dei handsama utfordringar på heimebane gjennom den andre krigen i Tsjetsjenia.

Varsel om framtida

For Noregs del vart krigen i Kosovo eit vendepunkt med tanke på at ein for fyrste gong såg kva kapasitetar ein hadde i spesialstyrkane. Det vart også eit vendepunkt for etterretningstenesta både med tanke på HUMINT og signaletterretning. Jamvel om forfattarane naturleg nok ikkje har fått tilgang på alle operative detaljar, har dei likevel fått fram nok om desse to delane av Forsvaret til å syna at mykje av grunnlaget til det som kom til å prega spesialstyrkane og e-tenesta dei komande tiåra, vart lagt på Balkan.

På minussida skriv dei særs godt om kor lenge det gjekk å få Telemark Bataljon opp å gå. I det heile er denne boka ei særs viktig grunnforsking om Noregs 13 år på Balkan. For dei som har tenestegjort der vil den sette ting i eit høgare perspektiv.

Det store spørsmålet som heng attende gjennom lesinga av denne boka, er likevel i kva grad ein har hausta lærdom frå denne tida. Det andre er i kva grad nokre i det heile tatt bryr seg. Ein kan nesten sei sikkert at Balkan hadde hatt ein mykje større plass i den norske offentlegheita om det ikkje hadde vore for det som skjedde 11. september 2001. Samstundes ser ein òg i dag at det meste av debatt kring Afghanistan stilna hen ufatteleg raskt.

Referanseverk

Håkon Lunde Saxi og Martin Lau Slåtten har gjort eit formidabelt arbeid med denne boka. Den er godt skriven, og jamvel om den bikkar 537 sider før sluttnotane kjem rullande, så kjennast det ikkje som eit ork å lesa boka.

Ein lærer utruleg mykje om fleire sider av det norske Forsvaret og norsk politikk. Eg har med overlegg vald å ikkje røpe for mykje av dei mest spanande hendingane. Det er òg ein god del ramsalt kritikk i denne boka, og det viktigaste er at den klarar å rokka med «rebrandinga» av Noreg som fredsnasjon.

I så måte bringar boka til torgs eit bilete av Noreg med eit janusandlet gjennom 1990-talet. Etter å ha lese denne boka, sat eg attende med tanken om at ein på politisk hald i Noreg hadde same syn på deltaking i konfliktar, som ein på bedehusa hadde til alkohol: Me veit om det, men me likar det ikkje.

Eitt av måla forfattarane hadde i innleiinga var å justere biletet av militærmaktas bruk i utanrikspolitikken. Det tykkjer eg at forfattarane klarar å oppnå med denne boka. Om ein skal peika på noko som manglar, så må det vere at kjeldene er avgrensa til engelsk og norsk. Det kunne kanskje vore eit par meter til å henta om ein hadde nytta kjelder på balkanske språk eller fransk.

Normalt ville denne boka danna grunnlaget for vidare debatt og forsking kring Noregs 13 år på Balkan. Eg er redd for at denne boka kjem til å verte ståande i fred i minst eitt tiår framåt. Boka vil uansett vere referanseverket alle må gå til i ettertid.

Det er òg gledeleg at ein har fått to nye og gode stemmer som skriv norsk forsvarssoge. Ein treng nye kostar og nye perspektiv for å kome vidare. Og skal ein lære av soga, så må ein fyrst og fremst kjenne soga.

For eigen del veit eg no litt meir om kva major Andreassen var ein del av. Det var ein annan liga enn lysgranatar som hang i polarnatta attende i 1993. Og som me sa den gong når ein vart opplyst: Åtte-ein, takk, slutt.

Powered by Labrador CMS