Eitt år etter at Stortinget bestemte at det skulle bli til, er veteranutvalet på plass. Veteranorganisasjonane SIOPS og NVIO skal begge bidra til den nye lova.
NOREGS FØRSTE VETERANLOV: – Det er ein historisk dag, seier politisk rådgivar Njål Kjølholdt-Gustavsen i SIOPS (øvst til høgre).Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Det betyr mykje for dei som har vore ute, for familiane deira, og også for dei etterlatne av dei som har mista livet, seier han.
– Og så handlar det om å gjere opp i gammal urett når staten sender folk ut på oppdrag for staten. Ein må ta vare på dei når dei kjem heim igjen.
TOK INITIATIV: Det var Raudt som la fram lovforslaget i fjor, og fekk støtte frå partia på Stortinget.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Viktigaste politiske gjennomslag
Med i utvalet er både veteranforbundet SIOPS og Noregs veteranforbund for internasjonale oppdrag (NVIO).
Dette er det viktigaste politiske gjennomslaget organisasjonane har hatt nokosinne, seier politisk rådgivar i SIOPS, Njål Kjølholdt-Gustavsen.
– Eg meiner at det absolutt er sterke tryggingspolitiske koplingar på det arbeidet som blir utført i dag, seier han.
KJEMPA FOR VETERANLOV: Njål Kjølholdt-Gustavsen (venstre) i SIOPS og Bjørn Robert Dahl (høgre) i NVIO var begge sentrale i det politiske arbeidet mot vedtaket i fjor.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Det vil aldri bygge kampvilje i eit folk dersom våre komande utlandssoldatar ser at dei ikkje blir godt ivaretekne eller anerkjende i ettertid.
Kjølholdt-Gustavsen håpar at utvalet vil gå igjennom alle saker som gjeld norske veteranar – frå anerkjenning til erstatning, og helsebehandling til arbeidsliv.
SIOPS vil særleg at resultatet er ei lov som betre vernar om rettane til skadde utlandsveteranar.
Lenge etterlyst
Også generalsekretæren i NVIO, Bjørn Robert Dahl, er nøgd med at dei er med. Dei har kjempa for ei veteranlov heilt sidan 2005.
– Tida frå 11. juni i fjor til i dag synest eg har vore litt lang. Det vi skulle få på plass var eit utval og eit mandat, og så har vi brukt eitt år på det, seier han.
– Men det som er viktig no, det er å fokusere framover.
Det største og kanskje vanskelegaste oppdraget, meiner Dahl, er å tydeleggjere i lova kva det betyr å vere veteran.
LENGE ØNSKA: Eitt år etter det blei bestemt at veteranutvalet skulle bli til, står kaka endeleg på bordet.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
I tillegg vil han vri bevisbyrda for veteranar som meiner dei har PTSD frå tenesta, over på staten.
– Vi ser at folk står i erstatningskamp i ti til elleve år fordi dei har PTSD, som spesialistar seier er frå teneste, men staten seier ikkje er godt nok bevist. Då skal du vere frisk, eigentleg, for å kunne stå i den prosessen, seier han.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
– Motarbeidd av staten
Også Moxnes er oppteken av denne bevisbyrda.
– Ein ting er at ein opplever traumatiske ting i teneste, men då er du ekstra belaste når du kjem heim og ikkje blir trudd, og eigentleg motarbeidd av staten når du ønsker å få ein rettmessig kompensasjon, seier han.
Raudt vil at det skal vere opp til staten å bevise at skadane ikkje har sprunge ut av tenesta, i staden for veteranen å bevise at dei har det.
– Ein del synest det er litt rart at Raudt er partiet som har gått i bresjen, men eg synest ikkje det i det heile, seier han.
– Vi er ueinige med andre parti om synet på deltaking i USA-leidd utanlandskrig. Men det å ta vare på dei som har reist ut for staten, burde vere eit minstemål.