– Når vi skodar utover, president, er det mykje som er mørkt.
Annonse
Dette sa statsminister Jonas Gahr Støre til stortingspresidenten torsdag morgon.
I ei orientering om tryggingspolitikken som gjeld Noreg i dag, viste han til den vedvarande krigen i Ukraina, at stormakter «set folkerett og samarbeid til side», og at autoritære land får større gjennomslag.
Særleg mykje tid fekk Donald Trump, og det Støre kallar «ei kraftig amerikansk reorientering» i politikken.
– Det politiske prosjektet framstår meir ideologisk og konfronterande enn det vi erfarte under president Trump sin første periode, seier han.
STORTINGET: Statsministeren orienterte om den tryggingspolitiske situasjonen til dei frammøtte torsdag.Foto: Terje Bendiksby, NTB
– Vi ser vilje til å utfordre normer både heime og ute. Vi ser press mot medium og uavhengige institusjonar.
Men relasjonen til USA har framleis eit «solid fundament», seier Støre. Sentralt for dette er tryggleiken i Arktis.
Styrka forsvarssamarbeid
Noreg og Nord-Amerika har hamna i «eit skjebnefellesskap» fordi Russland har utplassert kjernevåpen på Kolahalvøya, held Støre fram.
– Difor samarbeider det amerikanske og norske forsvaret godt i det daglege, seier han.
– Dette samarbeidet er i begge si interesse, og om noko har det blitt sterkare, også gjennom det siste året.
Fellesskapet er særleg aktuelt med eit «meir aggressivt og risikovillig Russland» som nabo, seier Støre, men presiserer at våpena først og fremst er retta mot USA.
ATOMUBÅTAR: På Kolahalvøya har Russland mykje av slagkrafta si i kjernevåpen. Her ligg ubåtane Prince Vladimir og Jekaterinburg til kai i Gasjijevo..Foto: Det russiske forsvarsdepartementet, AP, NTB
Tala skjer omtrent ei veke etter at Norsk tryggingsstyresmakt (NSM), Politiets tryggingsteneste (PST) og Etterretningstenesta la fram sine risiko- og trusselvurderingar for det kommande året.
Desse slår fast at den største trusselen mot Noreg er frå Russland, og framhevar ei auka russisk etterretningsverksemd i året som kjem.
Kritisk til at USA blir utelate
I trusselvurderinga til E-tenesta er USA berre nemnt gjennom sin relasjon med andre land.
Unntaket er setninga: det er i russisk interesse at diskusjonen om Grønland skapar uvisse og potensiell konflikt mellom Europa og USA.
Dette sette Ingrid Fiskaa i SV spørsmål til.
– At etterretningstenesta ikkje nemner USA i si oppdaterte trusselvurdering gjer meg uroleg, sa Fiskaa til statsministeren.
INGEN USA? Ingrid Fiskaa i SV er kritisk til at E-tenesta ikkje har sett fokus på USA i årets trusselvurdering.Foto: Ole Berg-Rusten, NTB
– Det viser seg no at norsk tryggingspolitikk er bygd på eit fundament som ikkje eksisterer lenger. Det burde ikkje vere umogleg å føresjå for fleire enn SV at USA først og fremst vil greie seg sjølv.
Listhaug: Styrking av forsvaret går for sakte
Frp-leiar Sylvi Listhaug gav statsministeren medhald i at samarbeidet i USA må halde fram, men har fått nok av diskusjonen om langtidsplanar.
Tips oss!
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Så langt er det mykje prat, men lite anna, sa ho.
– Det vi ser er at arbeidet med å bygge opp forsvaret går veldig sakte. Vi ser at det manglar pengar til få tilstrekkeleg trening. Vi ser at det går seint å kjøpe inn det vi treng. Det går seint å få i gang eit godt samarbeid med vår industri.
ETTERSPØR ØVING: Det skjer ikkje tilstrekkeleg militærtrening i Noreg, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug. Her frå øvinga Cold Response i 2022, i samarbeid med allierte soldatar.Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret
Støre svarte Listhaug at det er nødvendig å oppdatere langtidsplanen undervegs, ettersom den tryggingspolitiske situasjonen endrar seg. Han kommenterte ikkje kommentarane om oppbygging av forsvaret.
Støre stilte seg vidare kritisk til at SV ikkje nemnde trusselen frå Russland, eller rolla til forsvarsalliansen Nato, i sine kommentarar.