Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
For Antonio Giustozzi starta byrjinga på slutten i Afghanistan i overgangen mellom haust og vinter i fjor. Då mista den afghanske hæren og tryggleikstyrkane kontroll over motorvegane. Taliban hadde tatt kontroll over alle forsyningsrutene mellom dei store byane, og regjeringsstyrkane gjorde ingen ting med det.
Annonse
Tips oss:
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
– Ein hær som ikkje kjempar for sine eigne forsyningsturer, kjem ikkje til å kjempe for noko anna heller, seier Giustozzi, som er ein av verdas leiande forskarar på Afghanistan og Taliban.
Forskaren har eit stort nettverk av kontaktar, som intervjuar ulike aktørar i Afghanistan, noko som gjer at Guistozzi sit med eit ganske unikt bilete om kva som skjer i landet. På drygt tre kvarter via Zoom skildrar han både kollapsen og kva som ventar på kort og mellomlang sikt i landet. Men jamvel om forsyningsrutene vart stengde alt i fjor, hadde ein på fleire stadar depot til å halde det gåande nokre månadar. Det var ògmogleg å fly inn forsyningar. Byrjinga på slutten var ein ting, men slutten – ein hær som kollapsa på ei veke, er ganske unik i militærsoga. Korleis kunne det skje?
For ein neve dollar
– Ikkje ein gong Taliban trudde det ville vere så lett og raskt. Dei mobiliserte ikkje ein gong reserven, så dei mangla folk. Då dei tok Kabul hadde dei ikkje verkeleg planlagt for kva dei ville gjere med landet. Dei siste to månadane har Rabbari Shuraen (Og kjend som Quetta Shuraen, eit forum for Taliban-leiarar red.merk) avlyst alle møte som ikkje handla om militære ting. Dei hadde ikkje kapasitet til å handsame andre spørsmål, som å få på plass ein plan for å styre landet, eller kva styresett dei skulle ha. Difor erklærte dei emiratet, av di ein ikkje kan innføre noko anna styresett på eit par dagar, seier Giustozzi.
– Var du overraska over tempoet sjølv?
– Ja. Eg var ikkje overraska over at distrikta falt, men at distriktshovudstadane falt så fort. Eg trudde på hardare kampar. I Laskar Gah og Kandahar hadde ein hovudkvarter for to armekorps. Det tok lengre tid å telle opp fangane enn å ta byane. Ein snakkar om tusenar av soldatar, politi og militsstyrkar.
Men, skyt han inn, det heile var ganske godt organisert. Ikkje berre frå Taliban si side, men òg frådei regionale spelarane, som samarbeida tett:
– I Herat bestakk iranarane korpssjefen for at han skulle gi seg. Prisen inkluderte at Ismail Khan skulle tas til fange. (Ismail Khan er den kjende militsleiaren frå Herat, som vart kjent alt i krigen mot Sovjet. red.merk).
– Det ser ikkje veldig godt ut når ein korpssjef sel styrkane sine for to millionar dollar. Ein kan seie at Afghanistan ikkje er ein nasjon, men eit lappeteppe. Men at nokre sel styrkane sine, og sel landet utan skam er eksepsjonelt, og noko ein må tenke på i framtida.
Om Herat vart teke med pengar, så var det ein by kor regimet verkeleg prøvde å kjempa mot Taliban, nemleg i Laskargah i Helmand-provinsen. I høve Giustozzi var kampane i og rundt byen nøkkelslaget. Her vart det verkeleg kjempa, etter at kampane byrja for om lag ein månad sidan.
– Laskargah vart angripen av dei raude styrkane til Taliban, som er deira spesialstyrkar. Amerikanarane bomba med B-52 fly, og spesialistfly, og spesialstyrkane til regjeringshæren gjekk til motangrep. Motangrepet lukkast, og dei tok terreng, men dei forstod raskt at Taliban hadde laga ei felle. Taliban nytta manøverkrigføring, noko som regjeringsstyrkane ikkje er i stand til. Då bombinga om motangrepet kom, hadde dei raude styrkane trekt seg ut til ein reserveposisjon. Det er liten vits i å legge seg i stilling og verte bomba. Den andre eininga frå Taliban tok over, og då motangrepet frå regjeringsstyrkane kom vart dei berre sittande i ulike lommar. I desse lommane gjekk dei raude styrkane inn frå flankane. Det faktum at ein hadde flystøtte frå B-52 og at spesialstyrkane til regjeringshæren vart slått, øydela moralen totalt.
Krangel i nord
Om fallet til Herat var iranske pengar, og Laskargah falt grunna manøverkrigføring, så er soga handlar soga i nord om intern krangling mellom den avsette president Ghani og krigsherrane, som usbekaren Abdul Rashid Dostum. Ein skal hugse på at Nord-Afghanistan og motstanden mot Taliban der, var springbrettet inn i landet i 2001. At heile nord kollapsa som eit korthus, meiner Giustozzi har med usemje mellom Kabul og distrikta å gjere:
– Ghani bestemde seg for å slå ned på Dostum og hans folk. Det var usemje kring Farjab. Dostum og nokre av støttespelarane hans koordinerte med nokre andre, som Atta Muhammad Nur og Rabani. Enkelt sagt prøvde Dostum å gjere ein avtale med tadjikar og harzarar om å kappe banda mellom Kabul og nordområda. I alle høve planla dei dette, men eg veit ikkje om dei var klar. Men planlegginga vart snappa opp av NDS, den afghanske etterretninga, og dei varsla Ghani. Presidenten svara med å straffe dei. Han ga hæren ordre om å ikkje samarbeida med militsane. Dei skulle trekka seg ut og overlate militsane til å kjempe mot Taliban åleine. Dette utnytta Taliban til fulle.
Då leiarane i nord gjorde eit siste desperat forsøk på å få på plass eit nytt regime med Abdullah Abdullah som leiar, var det alt for seint.
Visste du at Forsvarets forum sender ut nyhetsbrev med de viktigste forsvarsnyhetene hver morgen?Du kan melde deg på her.
Maktforskyving
I det nordaustlege hjørnet av landet, Badakshan, kom det òg inn element frå den globale jihad frå Sentral-Asia, som det usbekiske IMU. Giustozzi trur det handlar meir om å gjere Quetta Shuraen forlegen, av di Taliban-gruppene i nord ikkje er etniske pastunarar, som er den dominerande gruppa i organisasjonen. Men det viktigaste som har skjedd er at den raske sigeren har ført til ei endring i maktbalansen i Taliban, meiner han.
– Resultatet av denne overraskande sigeren, er at maktbalansen i Taliban har skifta frå det politiske leiarskapet til det militære leiarskapet. Tidlegare kunne det politiske leiarskapet kontrollera det militære, men no har dei militære verkeleg fått meir mot. Dei går berserk og det er veldig vanskeleg å kontrollere dei. Det er dei militære som dikterer agendaen no. Og Hibatullah er no ein slags italiensk statsminister for ein koalisjon med moderate og pragmatikarar, som Baradar på den eine sida. Men det er ikkje nok av di dei ikkje er i fleirtal, så dei har med seg nokre av dei høgrevridde. Og ikkje alle er med Hibatullah, og han kan ikkje gjere noko som set det militære leiarskapet på sida no.
Eit spørsmål er kva Haqqani-nettverket, som er den grupperinga som tok Kabul vil gjere. Som Giustozzi synte i den siste boka, The Taliban at War, så er dei meir ei hierarkisk gruppe enn resten av Taliban, som har eit fleirsentrert leiarskap, altså kor ein er fyrst blant likemenn. Dei ulike shuranen har vore usamde før, og vert det kanskje igjen?
– Den beste måten for ei gruppering å halde seg samla på er å vinne. Då er alle lukkelege, seier Giustozzi.
– Men sprekkene mellom dei ulike fraksjonane kjem gradvis fram att. Haqqaniane styrar Kabul. Dei seier no at dei sender folk frå sør, men Haqqaniane har kontrollen. Om nokre av Taliban-grupperingane frå nord, som delvis er tadjikar, prøver å kome inn i Kabul vert dei tvinga til å avvæpne seg. Det er mange dårlege kjensler blant Taliban i nordaust mot pastunarane frå sør. Gruppene i nordaust er mest tidlegare medlemmar av jamiat-organisasjonen, og dei er ei gruppe innan Taliban som er forma dei siste åra. Men der finnes ikkje nokon stor leiar i nord som kan foreine dei per no.
Forskaren teiknar opp fleire ulike grupperingar som ikkje naudsynt vil akseptere at Taliban kontrollerer landet. Men han understrekar at dei fleste er mest fokusert på sine eigne distrikt, og ikkje har så store ambisjonar nasjonalt. Det er òg eit ope spørsmål om korleis maktfordelinga i Kabul vert. Etter det han høyrer frå kjelder i Afghanistan har Taliban kravd 85% av makta, det gjer ikkje mykje att til andre grupperingar. Og her ligg grobotn for uro i framtida.
For dei regionale landa som spelar det store spelet i Afghanistan, og som Giustozzi hevdar stod for mykje av arkitekturen bak angrepet som feia over landet dei siste vekene er ikkje utfallet naudsynt det alle hadde tenkt seg.
– Russerane, pakistanarane og iranarane har vore om bord lenge. Dei er arkitektane bak sigeren. Det einaste problemet er at det gjekk for godt. Alle vona at det skulle verte ei slags koalisjonsregjering, kor nokre av dei andre fraksjonane skulle demme opp for Taliban. Eg trur russarane helst såg eit hybridregime, og både dei og kinesarane er ikkje glade for at dei har fått eit emirat. Iran, og spesielt revolusjonsgarden, lever godt med eit emirat, av di det gjer god kontroll på kort og mellomlang sikt. Taliban i vest er totalt kontrollert av iranarane. Pakistanarane, spesielt etterretninga ISI, lever òg godt med eit emirat.
Men som me har sett etter angrepet mot flyplassen i Kabul er det framleis grupperingar av den såkalla globale jihad i landet. IS-Khorasan er til stades og har lenge kjempa mot Taliban. Giustozzi fortel om ein av sine lokale forskingsassistentar som nesten vart drepen av IS-K av di dei trudde han var ein talib.
– Når det gjeld al-Qaida er det annleis. Eg trur Taliban kan nytta dei som eit forhandlingskort overfor Russland og Kina. Dei kan selje dei for ein god pris, av di Taliban ikkje har så mykje anna å selje. Det einaste av verdi dei har er globale jihadistar. Og flyktningar får dei ikkje pengar for.
– Eg trur heller ikkje det vert eit trekk av IS og Al Qaida-folk frå Midtausten til Afghanistan no. IS og AQ har ein pågåande konkurranse i Afrika. Og stader som Mali og Niger er mykje meir lovande for gruppene enn Afghanistan om dagen.
Ikkje over i Afghanistan
Jamvel om det er forma små motstandsgrupper, som i Pansjirdalen, så trur Giustozzi at dei fyrst og fremst prøver å sikre lokale interesser. Han trur heller ikkje på ei stor bølgje av represaliar.
– Det er naturleg med regimeendring at ein prøver å finne ut kven som har gjort kva. Men ein skal hugse på at ein snakkar om nesten 500,000 mann som var i den afghanske hæren, og det utgjer mange fleire enn det Taliban er. Eg ser ikkje vekk at det kan skje noko lokalt med ein varmblodig lokal leiar, men ein skal hugse på at kvar av desse folka har ein bror og far som då vil hemne dei.
– Vesten var tjue år i Afghanistan, korleis kunne dette kollapsa så fort?
– Det er ei soge hos Machiavelli om Venezia og ein annan bystat. Nabostaten hadde ein allianse, men ingen politiske rettar. Heile det politiske systemet var riggar for å tene oligarkane. Ein slags republikk utan republikanarar. Då midla tørka opp, var det ingen som var viljuge til å døy for bystaten.
– Det er nokre som kjempar for heimen, som eg har sagt, og då vert det annleis. Men dei var ikkje viljuge til å kjempe for Ghani-regimet. Som eg sa, kunne ein kjøpe ein korpssjef for to millionar dollar, det var prisen.
– Så vil Vesten halde seg vekke no?
– Det kan vere at dei vil støtte opp om det veks fram ei motstandsrørsle. Men dei vil berre skape kaos att. Me har ikkje lengre kapasitet til å byrje slike prosjekt att. Men nokre i regionen kan byrje å gjere ting, meir profesjonelt. Men eg trur ikkje me har lært mykje av denne tida.
Men jamvel om det siste flyet letta frå Kabul på måndag er det ikkje over i Afghanistan. For dei fleste i Vesten er det nok eit lukka kapittel, men for landet i Sentral-Asia er det like mange labyrintar og etniske grupper som skal vere nøgde. Som Giustozzi peikar på er det òg innanfor Taliban mange grupper som skal ha sitt. Og bakom syng dei regionale stormaktene. Det er naudsynt sånn at fokuset på landet fell, når ein ikkje lengre har vestlege soldatar og misjonar i landet.
Bodskapen frå Guistozzi etter Kabuls fall er klår: