Nyheter:
Jenteroller
Offentlege rollemodellar er viktige for kvinner i Forsvaret.
Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det meiner likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm. Ho seier ho er stolt av Forsvaret, og at ho vil ha meir av at
kvinner som til dømes Iman Meskini, kjend frå NRK-serien «Skam», gir soldatar eit andlet.
Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner det er viktig å hugse at samfunnsansvaret
til Forsvaret ikkje berre handlar om å behalde
norsk suverenitet eller forpliktingar til militære
oppdrag.
– Det er ein institusjon som også representer norske verdiar og det norske demokratiet.
Og det har også som mål å skape initiativrike,
handlekraftige og ansvarsfulle leiarar.
Overraska. Allmenn verneplikt har likestillingsombodet kjempa for i fleire tiår, lenge før
Bjurstrøm tiltredde stillinga i 2016.
– At så mange jenter har søkt seg til første-gongsteneste, var faktisk litt overraskande for
meg. Men det er kanskje min generasjon, der
verneplikta ofte blei sedd på som eit pliktår ein
berre måtte ta. I dag er den situasjonen annleis,
både fordi Forsvaret er annleis, og fordi nye
jenteroller tillèt jenter å dyrke fleire sider av seg
sjølv.
Forsvaret er likevel ikkje i mål, meiner ho.
– Av utfordringar veit vi at det framleis er ein
jobb å gjere i høve til seksuell trakassering.
Stridsevne. Dei siste vekene har det gått føre seg
ein debatt om fleire kvinner svekker stridsevna
til Forsvaret. Forskning.no starta debatten der
oberstløytnant Harald Høiback ved Forsvarets
høgskole sette fram påstanden og etterlyste
fleire midlar til forsking på dei fysiske evnene
og prestasjonane til kvinner. Det finst ikkje
noka militær grunngjeving for allmenn, kvinneleg verneplikt i Noreg, har Høiback slått fast.
– Kva tenkjer du om utspelet til Høiback – har
han rett i at behovet for fysisk styrke i Forsvaret
må vike for politiske mål om likestilling?
– Slik eg les denne forsvarsfaglege debatten,
er han litt teoretisk og sett litt på spissen. I praksis er det vel slik i Forsvaret som elles i samfunnet at ein rekrutterer, vel ut, oppmuntrar og
trenar folk inn mot dei posisjonane dei er motiverte for, og som dei kan klare å fylle.
Eksperiment. Kriteria og grenseverdiane Forsvaret skal ha for ulike posisjonar, vil ikkje Bjurstrøm ha noka meining om.
– Det eg er sikker på, er at breidda i oppgåvene som Forsvaret skal ha, treng ulike folk
med ulike eigenskapar. For meg er det da viktig
at ingen vert valde bort på grunn av kjønn og
fordommar knytte til kjønn.
I vår la FFI-ekspertar fram resultata frå si
mangeårige forsking på kva som skal til for å
rekruttere fleire kvinner til Forsvaret. Samstundes vart det retta kritikk mot at forskinga på
kvinner i Forsvaret vert trappa ned. Bjurstrøm
tok del i paneldebatten og uttalte at store kvinnekull i eit tradisjonelt mannsdominert miljø er
et kjempestort sosialt eksperiment.
Ho utdjupar:
– Det er jo eit sceneskifte i Forsvaret som vi
ikkje har sett tilsvarande til. På relativt kort tid
er eit nærmast totalt mannsdominert miljø blitt
eit kjønnsblanda miljø.
– Eg må jo vedgå at eg
ikkje på førehand kunne tenkt meg at til dømes
kjønnsblanda rom skulle fungere særleg bra. Så
gjennomfører ein det, og så viser det seg at det
blir eit langt mindre problem enn vi skeptiske
hadde trudd.
Modernisering. – Forsvaret har slite med å
rekruttere og halde på kvinner. Kva er det Forsvaret har gjort feil til nå?
– Det er grunn til å tru at dette vil endre seg
i og med at så mange kvinner gjennomfører
førstegongsteneste. Skal Forsvaret halde på
kvinnene, må dei til dømes jobbe medvite med
korleis kvinner kan avstemme karriere og
familieliv.