Nyheter
Før og etter: Slik ser angrepa i Midtausten ut frå verdsrommet
Medan kampane framleis rasar, har fleire satellittselskap publisert bilete frå den første bølga med angrep. Blant måla var hamner, flyplassar og dronebasar.
MARINEBASE: Blant måla som USA og Israel har bomba i Iran, er marinebasen i Konarak.
Planet Labs PBC, AP, NTB
Laurdag morgon hadde etterretningstenestene i Israel og USA fått nyss om ei sjeldan moglegheit, skriv The New York Times.
Mange av Irans øvste toppleiarar innan militær og etterretning skulle samlast på kontoret til det nasjonale tryggingsrådet, seier dei til avisa.
I tillegg tok landets øvste leiar, ayatolla Ali Khamenei, sjansen på å bevege seg i ope dagslys, hevdar israelsk etterretning.
Slik starta eskaleringa som mange statsleiarar har frykta i årevis.
Satelitt-tenestene Vantor og Planet Labs har måndag publisert bilete frå nokre av måla Israel, USA og Iran har angripe sidan.
Vi har også supplert nokre før-bilete frå Google Earth. Desse er tekne i November 2023.
Drapet på ayatollaen Iranske statlege medium bekrefta på søndag at Khamenei var drepen.
Han var på eigedommen sin i Teheran då den blei råka av eit amerikansk-israelsk angrep, skriv det iranske statlege nyheitsbyrået Fars.
Slik såg eigendommen ut hausten 2023.
Dette er resultatet av angrepa i helga.
Iranske basar
Samtidig gjekk USA og Israel til angrep på fleire hundre mål i Iran.
Zahedan flybase ligg nær grensa med Pakistan, og har husa alt frå kinesiske kampfly til dronar og ballistiske missil.
In this satellite image provided by Vantor, a destroyed radar system is seen at the Zahedan Airbase, Iran, Sunday, March 1, 2026. (Satellite image ©2026 Vantor via AP)
Målet for angrepet var eit radarsystem, ifølge Reuters.
Denne stripa er til å skyte opp dronar, og ligg i nærleiken av kystbyen Konarak.
Her er det store bygget borte.
-
Og lenger sør: militærkomplekset ved hamna.
Søndag var dei tre store skipa ved hamna senka.
Amerikanske basar
Iran svarte ved å angripe ei rekke amerikanske mål i Midtausten.
Eitt av måla var denne flybasen i Kuwait.
På ein annan base i landet blei tre amerikanske tenestepersonar drepne og fem alvorleg skadde, ifølge USA.
Det store rektangulære bygget er basen til USAs 5. flåte, i Manama, Bahrain.
Også desse blei trefte av eit iransk angrep.
Så langt er det registrert flest drepne i Iran. Minst 555 er drepne i amerikansk-israelske angrep, skriv avisa Al Jazeera.
Satellittbileta i denne saka er henta frå Google Earth, Vantor via AP og NTB, og Planet Labs via AP og NTB.