Nytt om navn

Norsk Reservistforbund får ny generalsekretær

Espen Hamre Arntzen tiltrer som toppleiar i september, når Erik Gustavson trer av etter nesten sju år i stillinga.

Oberst Espen Hamre Arntzen og generalløytnant Ingrid Gjerde står side om side i kamuflasjeuniform innendørs.
TILTRER I HAUST: Espen Hamre Arntzen kjem frå ei leiarstilling innan modernisering og effektivisering i Forsvarsstaben.
Publisert

Han kjem frå ei leiarrolle i Forsvarsstaben og har ei lang militærkarriere bak seg.

No blir Espen Hamre Arntzen den nye generalsekretæren for Norsk Reservistforbund (NROF), Noregs største reservistorganisasjon.

– Eg leier med engasjement og høgt energinivå, og har eit stort nettverk i departementet, alle etatsleiingar i sektoren og særleg i Forsvaret, seier Arntzen i ei pressemelding.

NROF-president Arnfinn Vik seier i den same pressemeldinga at dei er svært nøgde med å få Arntzen på laget.

– Han har den bakgrunnen og gjennomføringsevna som skal til for å vidareutvikle og styrke NROFs posisjon i åra som kjem, seier Vik.

NROF har kring 7500 medlemmer, fordelte på 58 loalavdelingar over heile landet.

ny jobb?

Har du eller noen du kjenner fått ny jobb? Da vil vi gjerne at du skriver et par linjer om vedkommende og jobben, samt legger ved et bilde i breddeformat, og sender til 

tips@fofo.no

Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om navn»

Powered by Labrador CMS