Nyheter

Kongsberg inn i nordisk samarbeid

Fem nordiske forsvars- og teknologiselskap lanserer ei felles satsing for å styrke tryggleiken i Europa, skriv dei i ei samla pressemelding.

Eirik Lie i dress står i forgrunnen før møte på Statsministerens kontor i Oslo.
MED I INDUSTRISATSING: Kongsberg har slutta seg til Nordic Compass for å bidra til å styrke forsvarssamarbeidet mellom dei nordiske landa, seier konsernsjef Eirik Lie.
Publisert

– Eit tettare forsvarssamarbeid mellom nordiske land og industri styrker grenseoverskridande forsvarskapasitetar, samtidig som det fremmar regional tryggleik og stabilitet.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Det seier konsernsjef i Kongsberg, Eirik Lie, i ei samla pressemelding med dei andre selskapa i samarbeidet.

Han viser til aukande geopolitisk uvisse som ein del av bakgrunnen for samarbeidet.

Dei andre deltakarane svenske Saab og Ericsson, og finske Nokia og Patria, som saman med Kongsberg er i Helsinki for eit møte med den finske presidenten.

Satsinga er ein del av Nordic Compass, som blei lansert 12. mai og samlar 30 nordiske selskap, stiftingar og organisasjonar.

Dei første initiativa vil bli presenterte i starten av november, heiter det vidare i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS