NYHETER

Forskar: Viktig med grundig bakgrunnssjekk 

Forsvaret er avhengige av private selskap og kontroll er viktig, seier forskar etter mistanke om svindel. 

ØVING: Nato-skip under øving utanfor Bergen tidlegare i år. Økokrim har sikta fem menn i Bergen for overfakturering av Nato-skip i norske hamnar.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

Onsdag blei fem menn pågripne i Bergen, sikta for å ha svindla Nato for ti millionar kroner. Økokrim har sikta dei fem for bedrageri i samband med tenester seld til Nato-skip i norske hamnar. 

Torsdag morgon avgjorde Økokrim at fire av dei fem mennene som vart pågripne, skal framstillast for varetektsfengsling, ifølgje NTB. Økokrim grunngjev valet med fare for bevisøydelegging.

Liv Kari Eskeland (H) i Utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget meiner at saka er beklageleg. Ho er vararepresentant for Peter Frølich (H), som no er i permisjon.

– For det første er det svært beklageleg at slike forhold skjer, men ikkje desto mindre positivt at det avdekkast og at vi har system som fangar opp slike uregelmessigheiter, skriv ho til Forsvarets forum. 

Ho legg til at Økokrim no må få moglegheit til å avdekke omfanget til saka, og legg til at ein ikkje skal førehandsprosedere.

– At det blir avdekka sikkerheitshol som tillèt at enkeltpersonar kan gjere slike transaksjonar inn idet som er ein del av vårt sikkerheitssystem, utfordrar oss spesielt, skriv Eskeland.

Meiner Forsvaret treng næringslivet

Olger B. Pedersen er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Han skriv doktorgrad ved Lunds universitet om logistikk og samarbeidet mellom private leverandørar og Forsvaret.

– Eg trur sånne ting ikkje bidreg til at den jamne militære offiseren blir meir positiv til og får meir tillit til å samarbeide med industrien, seier forskaren til Forsvarets forum om Økokrim-siktinga mot dei fem.

NATO: Nato-flagget utanfor alliansens hovudkvarter i Brussel. Bildet er til illustrasjon.

Pedersen seier at både Nato og Forsvaret er avhengige av å kjøpe tenester av private.

– Eg trur at for at Forsvaret skal kunne ha nødvendig beredskap og kunne løyse dei oppgåvene som dei skal, spesielt dei mest alvorlege, der vi snakkar om krig og den type storskala operasjonar, er ein avhengig av å kunne samarbeide med næringslivet og utnytte samfunnets ressursar.

Dei fem mennene som er pågripne jobbar eller har jobba i same selskap. Bedrageriet skal ha skjedd ved at Natos støtte- og anskaffelsesbyrå (NSPA) har blitt overfakturert i perioden 2021–2025. 

– Tillit er viktig 

Pedersen meiner det er viktig med solide system for å ettergå innkjøp.

– Tillit er viktig på eit menneskeleg plan, men eg trur også det å kunne ha gode kontrollmekanismar og kunne følge opp kostnadene, for å kunne ettergå formelt. Det er trass alt offentlege anskaffingar vi held på med, som stiller krav til transparens og at vi brukar offentlege ressursar fornuftig, seier han og legg til.

– Eg tenker at det er viktig å gjere gode bakgrunnssjekkar, undersøke eigarskap hos leverandøren, seier Pedersen.

Powered by Labrador CMS