Nytt om namn
Desse skal leie BFO vidare
Lars Ullensvang er vald inn som leiar i Befalets fellesorganisasjon (BFO), etter å ha vore nestleiar dei siste tre åra. Ny nestleiar er Lars Omberg.
På siste dag av årets BFO-kongress på Hellerudsletta utanfor Oslo, har fagforeininga valt nytt politisk leiarskap.
Lars Ullensvang, som er oberstløytnant og har bakgrunn frå Luftforsvaret, går inn i vervet som øvste politiske leiar i organisasjonen.
– Den viktigaste saka for BFO framover er å sørge for at dei tilsette i Forsvaret får gode og trygge arbeidsforhold, seier Ullensvang.
– Forsvaret må tilførast tilstrekkeleg med driftsmidlar, slik at vi kan styrke Forsvaret og gjennomføre forsvarsløftet.
Lars Omberg er vald inn som nestleiar. Han er også oberstløytnant av grad, og kjem frå stillinga som leiar av forhandlingsutvalet i BFO.
Befalets fellesorganisasjon (BFO) er den største fagforeininga for forsvarstilsette, og har i dag 12.000 medlemmer.
Den er tilknytt hovudorganisasjonen YS.