Militærveteran tvilar på at USA har gitt seg: – Eg er på vakt
Tom Amtoft har budd på Grønland i snart 30 år. Han seier han er klar for å ta våpenet fatt og forsvare familien, dersom han må.
PÅ VAKT: Tom Amtoft tenestegjorde i det danske militæret i elleve år, og har budd nesten 30 år på Grønland. Han seier han har tenkt mykje på om han må ta opp våpenet sitt igjen, dersom USA går inn med militær makt.Foto: Privat
– Det er ei svær kjensle å beskrive, korleis det er å vere her, seier Tom Amtoft over telefon til Forsvarets Forum.
Annonse
Vi når han ein føremiddag på arbeidsplassen, ein veterinærklinikk i Nuuk.
For ei veke sidan møtte den amerikanske presidenten Nato-sjef Mark Rutte.
Saman forma dei rammene for ein framtidig avtale med Danmark som ikkje utfordra Grønland sitt sjølvstyre, heitte det i eit utsegn av Nato som Reuters har publisert.
Denne veka held danske styresmakter møter med sine amerikanske kollegaar.
– Det har roa seg litt, men det er også som før, fordi man ser dei danske soldatane i bybiletet, seier Amtoft.
Han er ikkje overtydd om at det heile er over.
ROLEGARE: Det har roa seg litt i bybiletet etter at Donald Trump og Mark Rutte snakka saman, seier Amtoft. Her frå eit buss-stopp i Nuuk 24. januar.Foto: Jevgenij Maloletka
Sist laurdag gjekk straumen i heile Nuuk, og det blei bekmørkt. Både Amtoft og naboane frykta då at noko var på gang, seier han.
– Eg sprang ut med ein gong, og stod berre og kika opp i lufta for å sjå om ein kunne høyre eit helikopter eller sjå ein fallskjerm. Eg kika så ut over vatnet for å sjå om det kom skip, seier han.
– Det var heldigvis heilt stille. Ingenting skjedde.
Jobba på flåtestasjon Grønnedal
Amtoft tenestegjorde elleve år i det danske militæret.
Frå 1997 til 2000 var han stasjonert på flåtestasjon Grønnedal, som grønlendarane kallar Kangilinnguit.
Dette var hovudkvarteret for Grønlands Kommando (GLK) fram til nedlegginga i 2014. Då blei funksjonane flytta til Nuuk.
– Eg hadde ein kjærast. Far hennar budde oppe i Ivituut, ved kryolittgruvene rett ved flyplassen. Han hadde så mykje godt å fortelje om det, og vi ville gjerne oppleve det. Eg var i Forsvaret likevel, så då var det enkelt å berre teikne ei kontrakt her oppe, seier Amtoft.
NUUK: Slik er utsikta frå Amtoft sin arbeidsplass. Han leiar ein veterinærklinikk i Nuuk.Foto: Privat
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Så blei eg så glad i Grønland at eg berre blei verande her.
No bur han i Nuuk saman med kjærasten sin. I nærleiken har han to vaksne stebarn, og eitt lite barnebarn.
Han seier han har eit beredskapslager som alle fem vil kunne klare seg på i nokre dagar. Det inneheld havregryn, pålegg, masse mjølk, kjeks, energibarar, og slike feltrasjonar ein får i militæret.
Amtoft har også ein generator for straum, og ein primus dersom ein skulle trenge varm mat.
– Å beskytte barnebarnet mitt og familien der heime, er min første prioritet, legger han til.
– Eg har også jaktrifler og slike ting liggande heime.
OPEN DAG: Det danske militæret hadde open dag på eit militærfartøy i Nuuk, laurdag 24. januar. Amtoft seier at dei merkar eit auka militært nærvær, også i kvardagen.Foto: Jevgenij Maloletka, AP
Førebudd på det verste
Amtoft slappar meir av no enn før Trump og Rutte snakka saman.
– Men eg er på vakt. Det er eg. Eg held eit auge med media, og vi snakkar mykje om det, seier han alvorstungt.
– Frykta om at barnebarnet skal oppleve ein krig, den hadde eg aldri nokosinne trudd at vi skulle kjenne så tett på.
Fram til sist veke gjekk han dagleg og tenkte på kva han skulle gjere, dersom USA faktisk gjekk inn for å kapre Nuuk.
LIVET HELD FRAM: Ein frisør på jobb, sett gjennom vindauget i Nuuk onsdag 21. januar.Foto: Jevgenij Maloletka, AP
– Eg hadde mentalt førebudd meg på at eg nok ville vere ein av dei som greip våpen, seier han.
– For eg kan ikkje berre sitje og sjå at nokre framande makter tek over eit land som eg bur i. Det kan eg rett og slett ikkje.
Sjølv blei Amtoft fødd i Danmark under den kalde krigen, og har familie som var motstandsfolk under andre verdskrig.
– Den tankegangen om å forsvare den staden der ein bur, har alltid betydd svært mykje for meg.
Veteranforening: – Har skaka oss
Veteranprojekt Grønland, ei dansk foreining som støttar veteranar og familiane deira på Grønland, uttalar seg ikkje på vegner av desse.
Det fortel formann Gerth Sloth Bertelsen til Forsvarets Forum. Han viser i staden til ei utsegn som foreininga publiserte tidleg i januar.
Der skriv han og viseformann Mads Rasmussen:
«Den ustabile tryggingssituasjonen kring Grønland har skaka oss. For oss står ein ting klart: Grønland høyrer til det grønlandske folket.
Samtidig er vi sjokkerte over korleis USA framstår og den respektlause haldninga til internasjonal folkerett som vi opplever.
LEIARAR: Gerth Sloth Bertelsen (til venstre) og Mads Rasmussen (til høgre), høvesvis formann og viseformann i Veteranprosjekt Grønland, har saman publisert utsegna frå foreininga.Foto: Veteranprosjekt Grønland
Det gjeld både overfor det grønlandske folk, og overfor dei veteranane som bur i heile Riksfellesskapet, som har kjempa side om side med amerikanske styrkar i fleire tiår, i all verdas konfliktar.»
Veteranprosjekt Grønland og elleve andre veteranforeiningar skal demonstrere laurdag ettermiddag.
Deltakarane kjenner seg «svikta og latterleggjort av Trump-administrasjonen», og skal marsjere gjennom gatene 26 stader i Danmark.
Amtoft vil berre ha kvardagen sin tilbake.
– Eg har litt behov for å høyre Trump seie: «Ok, vi gidd ikkje ha noko med Grønland å gjere likevel». Du veit, noko som avviser at det skjer noko meir, seier han.
– Då kan vi gå vidare med liva våre, dei andre kvardagsproblema som eigentleg finst her oppe. Akkurat no er det USA som stadig overskygger alt.