Etter at han blei fjerna med tvang frå jobben i februar, gjekk Thorbjørn Thoresen til sak mot Forsvarsdepartementet. No er konklusjonen i sivilrettssaka klar.
I RETTEN: Thorbjørn Thoresen meinte han blei ulovleg omplassert frå rolla si som sjef, men tapte i retten.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Både Forsvarsministeren og Forsvarssjefen var vitne i saka, i tillegg til fungerande direktør i Forsvarsbygg Camilla Mathisen.
FORSVARSMINISTEREN: Tore O. Sandvik (Ap) sa i rettssaka at han meiner Thoresen må haldast ansvarleg for lovbrota til Forsvarsbygg.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Får ansvar for overskridingar
Den 17. februar i år avdekka ein intern gjennomgang at det var gjort ulovlege innkjøp over forbruksgrensa til fire av Forsvarsbygg sine rammeavtalar.
Thoresen seier han ikkje visste om desse før FD opplyste han om dei.
Retten kom likevel fram til at overskridingane var hans ansvar, uansett om han visste om dei eller ikkje.
– Etter hovudforhandlinga finn tingretten klar sannsynsovervekt for at Thoresen deltok personleg i avgjerda om overskriding, heiter det i dommen.
– Sjølv utan personleg skyld, vil ein toppleiar oftast ha både det operasjonelle, juridiske og moralske endelege ansvar for den verksemda hen leiar - slik ein toppidrettsutøvar har ansvaret for innhaldet i eigne dopingprøvar.
Den omtalar særskilt to rammeavtalar mellom Forsvarsbygg og høvesvis Sweco og Multiconsult.
Thoresens advokat, Marianne Klausen, skriver i en e-post til Forsvarets forum at Thoresen er skuffet over dommen.
– Fleire av vurderingane til tingretten er ikkje underbygde med bevis, og andre er ikkje vegne opp mot forklaringar og dokument som vart lagde fram under hovudforhandlinga. Konsekvensen av avgjerda er at ein etatsleiar i staten ikkje har stillingsvern, og at dei står objektivt ansvarlege for alt som skjer i verksemda.
– Dessutan er avgjerda ikkje i tråd med det arbeidstakarvernet som følgjer av lovgivinga elles, og som er gjenteke i mange avgjerder frå Høgsterett, seinast i oktober i år.
Avgjerda frå dommarane er einstemmig. Dommen kan framleis bli anka, og er difor ikkje enno rettskraftig. No vil Klausen og Thoresen gå gjennom dommen saman, før han tek stilling til spørsmålet om anke.