Nyheter

Avviser påstand om at kona måtte flytte: – Merkeleg

Det stemmer ikkje at Linn Therece Johansen Kristoffersen blei driven ut av hus og heim grunna VM-støy, avkreftar ho og forsvarssjefen på Facebook.

AVKREFTAR: Forsvarssjefen seier det ikkje stemmer at kona hans måtte flytte ut på grunn av VM, slik det blei sagt under eit møte i Bymiljøetaten.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

– Vi koste oss under fotball-VM. Merkeleg sak der verken Linn Therece eller eg blei spurde.

Det skriv forsvarssjef Eirik Kristoffersen i eit innlegg på sosiale medium.

Han delar ei NTB-melding som Forsvarets forum publiserte, som viser til eit møte i Oslo kommune sin bymiljøetat 24. juni.

Møtet omhandla reaksjonar frå Forsvaret på støy, hærverk og fulle personar like utanfor Akershus festning under fotball-VM.

Ifølge referatet, som NTB siterer, sa ein forsvarstilsett at «forsvarssjefens ektefelle har måtta flytte midlertidig på grunn av støy» ved Akershus festning.

Dette var feil, skriv Linn Therece Johansen Kristoffersen sjølv på Facebook.

– At nokon vel å uttale seg på mine vegner er merkeleg, seier ho.

– Eg har ikkje vore på flyttefot sidan 2021, noko som blei omtala slik det passa i si tid.

Redaktøren beklagar

Redaktør i Forsvarets forum, Anne-Karin Pessl-Kleiven, seier dette om arbeidet bak den opphavlege saka:

Vi vidareformidla ei sak frå NTB og gjorde ikkje eigne undersøkingar. Det beklagar vi.

Vi burde ha gått opp løypa og snakka med dei som var direkte råka.

Dette er ei god påminning om at vi har eit sjølvstendig ansvar for å faktasjekke alt vi publiserer, også det vi vidareformidlar, så langt det er mogleg.

– Ærleg feil

Paret har bustad i Moss, og Johansen har vore der heilt urelatert til VM-festen.

Det opplyser talsperson for Forsvaret, Brage Steinson Wiik-Hansen, til Forsvarets forum.

– Dette er noko som dei (den forsvarstilsette, red. merkn.) har høyrt ein stad, og trudde at stemde, seier Wiik-Hansen.

– Det blei sikkert brukt som eit enkelt poeng for å vise at det var eit høgt støynivå. Det har berre skjedd ein ærleg feil.

FOTBALLFEST: Her samla fotballsupporterar seg ved Akershus festning før VM-kampen mellom Norge og Senegal.

Kristoffersen har vore mykje på festninga for å sjå kampar med dei vernepliktige som var på vakt, seier Wiik-Hansen.

– Eg tenker det var litt viktig for han å vise at dei ikkje har kome med nokre støyklager på nokon måte. Tvert imot har dei vore like gira på VM som alle andre.

Forsvarets forum har kontakta både Kristoffersen og Johansen Kristoffersen måndag, for å gi dei høve til å kommentere saka sjølve.

Vi blei i staden kontakta av Wiik-Hansen, som sa dei ikkje hadde noko å tilføre.

HAR SETT MYKJE FOTBALL: Forsvarssjefen har sett mykje på fotballkampar med dei vernepliktige under VM, seier talsperson Brage Steinson Wiik-Hansen.

Tilbakeviste ikkje innhaldet

NTB skriv at dei var i kontakt med Wiik-Hansen før den opphavlege saka blei publisert, og at han då ikkje tilbakeviste noko av innhaldet i referatet.

Dette bekreftar han til Forsvarets forum.

– Eg var rask med å seie ifrå til dei då eg fekk beskjed frå sjefen, men det er ikkje ei kvar sak vi diskuterer med forsvarssjefen personleg, seier han.

– Det har jo blitt sagt under møtet, og det er derfor det er ein del av det referatet. Men denne gongen visste eg at det var feil, og då er det greitt å få retta opp idet.

Powered by Labrador CMS