Nyheter
Kadettane har rodd til England: – Fekk mann over bord
Tysdag fullfører fire norske kadettar turen frå Noreg til England i ein liten robåt. Det er omtrent like langt som frontlinja strekker seg i Ukraina.
PÅ OPE HAV: Dårleg vêr har gjort at ferda tok lengre enn planlagt. Men no er båten på 7,5 meter på veg oppover Themsen.
Foto: Row for Ukraine
Bank. Bank.
– Ro!
Bank. Bank.
– Ro!
Midt ute på ope hav ein stad i Nordsjøen, karar fire norske kadettar seg fram.
Engelskmennene har slått det norske laget ut av VM. Men desse har ikkje lagt ned årene.
Når ferda tek slutt har dei rodd 1200 kilometer, som omtrentleg svarar til lengda på frontlinja i Ukraina.
Formålet er altså ikkje fotball, men å samle inn pengar til motstandskampen.
– Vi opplever at merksemda rundt krigen ikkje står i forhold til kor viktig den faktisk er, seier dei i ei felles utsegn.
– Derfor ønsker vi å bidra.
Maks 50 minutt med søvn
Til saman er dei fire: Frikk Ekeberg, Aleksander Skogly-Jensen, Henrik Listhaug og Erik Gulbrandsen.
I to veker har dei rodd i tre timar om gongen, og kvilt i berre ein.
Den lengste søvnen dei har fått i strekk har vart i 50 minutt, fortel Ekeberg til Forsvarets forum.
SLITNE: Her har Aleksander Skogly-Jensen teke ein strekk mellom slaga.
Foto: Row for Ukraine
– No har vi i praksis gått i to veker med denne rulleringa. Det svarar nok til søvn på to og ein halv time i døgnet i gjennomsnitt, seier han.
Det er hans tur å ta pause i kabinen, mens to av medstudentane på Sjøkrigsskolen ror ved Den engelske kanal.
– Det byrjar verkeleg å kjenst på kroppen no.
Mann over bord
Dei planla for mykje meir søvn og vesentleg kortare økter.
Men autopiloten streika allereie på dag to, som gjorde at kadettane måtte styre resten av vegen med årene.
– Turen har vore krevjande. Vêret har vore mot oss nesten heile vegen, skriv dei i ein felles kommentar på e-post.
– Vi har måtta ligge i le, eller ligge på drivanker mens vi venta på betre forhold.
FOR EIGA MASKIN: Båten skulle eigentleg gå på autopilot heile vegen. I staden måtte kadettane styre med desse.
Foto: Row for Ukraine
Dei er alle medlemmar i roklubben på Sjøkrigsskolen.
Kompetansen kom godt med ei mørk natt denne helga, då bølgene tårna på to til tre meter.
– Vi fekk mann over bord, fortalde Ekeberg i ein Instagram-video søndag morgon.
Personen som falt i sjøen var oppe igjen etter få sekund og fekk skifta til tørre klede, sa Ekeberg. Han skildrar hendinga som udramatisk.
– Samtidig er det ein vekkar om at vi må vere skjerpa heilt fram til vi kjem fram til London, la han til.
Snart framme
Etter to veker og to dagar til sjøs, dukka ei rekke høge klippar opp i horisonten.
– Land i sikte, gutta, ropast det om bord.
Dei er berre eit par dagar på etterskot, og har nok mat og vatn til heile vegen fram.
Rundt klokka 14 tysdag, etter å ha rodd opp Themsen i eit døgn, går dei endeleg i land i London.
– Der står ein full english og ein øl på menyen, seier Gulbrandsen i ein annan video.
– Vi gler oss veldig.
Så langt har Spleisen til Fritt Ukraina fått inn i underkant av 800.000 kroner.
Det opphavlege målet var ein halv million. No håper kadettane på dobbelt så mykje, sidan roing er så i vinden.