Dette skal gå til å kjøpe inn dronar til 36. og 38. marineinfanteribrigade som kjempar ved fronten.
No har eit ukrainsk selskap bestemt seg for å matche heile beløpet når innsamlinga er over, skriv Fritt Ukraina i ei pressemelding.
Dersom dei doblar pengane som har kome inn i dag, blir dette over ein og ein halv millionar kroner. Når kadettane innsamlingsmålet sitt, blir det dobla til to.
FRAMME: Reisa tok slutt rett ved Tower Bridge på Themsen.Foto: Row for Ukraine
Dei kom fram til målet berre tre dagar på overtid, etter ei krevjande kryssing over Nordsjøen.
– Vi er utruleg stolte over det ekspedisjonen har blitt til, og det betyr mykje for oss å kunne gjere ein forskjell for dei som kjempar i Ukraina, seier ein av dei, Aleksander Skogly-Jensen, i pressemeldinga.