Nyheter

Kongen avlegg eid: Her førebur garden seg

For to dagar sidan fekk Malia Daams (20) vite at ho skulle halde vakt når kong Haakon VIII avlegg sin eid til grunnlova. Tysdag blir hennar første militærparade.

Uniformerte personer marsjerer i formasjon foran et teglbygg ved vannet.
DETTE BLIR SLOTTSPLASSEN: Gardistane skal marsjere ut frå Akershus festning og stå i kvar ende av formasjonen frå Slottet til Stortinget.
Publisert Sist oppdatert

Det var under Forsvaret sitt lagførarkurs i helga at vernepliktige Malia Daams fekk beskjeden.

Nokon av dei som deltok på kurset kom til å få eit oppdrag, men det var ikkje kjent kven eller kor mange.

No, med to dagars førebuing, skal ho framføre noko dei fleste får fem månader på å bli god på.

– Vi fekk hatt i dag og paradeuniform for nokre dagar sidan. Så det er veldig nytt, seier ho til Forsvarets forum.

Vakt i mørk seremoniell uniform står under et tre foran en murbygning.
SKAL DELTA: Malia Daams blei med i garden i juni, og gjekk så ut i sommarferie. No stiller ho til seremoni i ny hatt og uniform.

– Men eg føler at sidan det er så god hjelp å få, og alle er så skjerpa og har så lyst til å gjere det bra, så lærer ein lett.

Når Haakon VIII skal til Stortinget tysdag klokka 13, skal han avlegge eid til grunnlova som Noregs nye konge.

Ferda går frå Slottet til Stortinget, over Karl Johan. Der skal Daams og kring tusen andre gardistar halde vakt og følge på.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Dette skal skje

Vi møter gardesjef Emil Ottosen medan dei øver på formasjonar på det som tysdag blir slottsplassen.

Ein sølvfarga minibuss med Forsvaret-logo køyrer gjennom plassen, opp mellom lange radar av gardistar på vakt.

Uniformerte personer går på rekke foran en teglbygning i en park.
KARL JOHAN: Gardistane skal gå i espalier på kvar side av kong Haakon si rute.

– Prosedyren er veldig lik noko vi gjer kvart år i samband med opninga av Stortinget, men rammene rundt det no er veldig spesielle, seier han.

– Det er eit ærefullt oppdrag, men også ein sorgtung periode for meg sjølv og for gardistane.

Tysdag vil gardistane marsjere ut ifrå Akershus festning, og stille seg frå slottsplassen til botnen av slottsbakken.

I tillegg vil det stå gardistar frå Løvebakken og eit stykke nedover Karl Johan.

Uniformerte personer marsjerer i formasjon foran en større oppstilt avdeling.
TUSEN SOLDATAR: I tillegg til gardistane, stiller soldatar frå Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret.

– Langs Karl Johan vil det vere soldatar frå resten av Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret. Så alle er representerte, seier Ottosen.

Dei aller fleste av soldatane som deltek, er vernepliktige.

– Vernepliktige soldatar frå heile Noreg representerer jo oss, folket, seier Ottosen.

– Det var majesteten veldig oppteken og stolt av. Det er slik han var. Han var ein av folket. Det er også kong Haakon.

– Veldig sterke inntrykk

Dei siste dagane har det skjedd svært mykje. Daams seier at ho ikkje heilt har fått tid til å prosessere at kong Harald er borte.

– Ein har heller halde fokuset på å kunne gjere klart for den nye kongen, fortel ho.

– Men det er ekstremt trist. Når eg ser foreldra mine og vennane mine som har lagt blomster ved slottet, så gir det veldig sterke inntrykk.

Uniformerte gardister marsjerer på en plass under norsk flagg.
ALVORSTUNGT: Både gardistane og han sjølv kjenner på æresfrykt før eidsavlegginga, seier Emil Ottosen. Men dei er godt rusta til oppdraget, meiner han.
Powered by Labrador CMS