Nytt om navn

Han blir direktør for økonomiavdelinga i FD

Erik Severin Danielsen blir ny avdelingsdirektør i Forsvarsdepartementet, melder statsrådet fredag. 

NY AVDELINGSLEIAR: Erik Severin Danielsen skal leie økonomi og styring i Forsvarsdepartementet.
Publisert

Erik Severin Danielsen (45) blei fredag utnemnd til avdelingsdirektør for økonomi og styring, melder Forsvarsdepartementet.

Han kjem frå ei tilsvarande rolle i Finansdepartementet, og har tidlegare arbeidserfaring frå Forsvaret, FD og Økokrim.

– Etter nokre år utanfor sektoren har eg verkeleg sakna å arbeide med samfunnsoppdraget som lenge var ein sentral del av kvardagen min, skriv han i ei melding til Forsvarets forum.

– Det kjenst rett og slett som å komme heim igjen.

Starttidspunktet skal Forsvarsdepartementet bestemme, heiter det vidare i meldinga frå statsråd.

ny jobb?

Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Då vil vi gjerne at du skriv eit par linjer om vedkommande og jobben, legger ved et bilde i breiddeformat, og sender til 

tips@fofo.no

Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om navn»

Powered by Labrador CMS