Nytt om namn
Ny kommunikasjonssjef: – Umogleg å seie nei
Christian Øverli tek over sjefsstillinga i Forsvaret si avdeling for strategisk kommunikasjon, etter Eystein Kvarving.
Måndag tek Christian Øverli over som kommunikasjonssjef for Forsvaret, har Forsvarets forum fått bekrefta.
Han startar i rolla etter eitt og eit halvt år som leiar for Luftforsvarets skolesenter Værnes (LVS).
– Eg har jobba med kommunikasjon tidlegare, sjølv om det er ein del år sidan. Eg hadde for så vidt ikkje sett føre meg å komme tilbake til det no, fortel Øverli.
– Det var ei veldig spennande moglegheit som dukka opp, og som det var umogleg å seie nei til.
Avtroppande kommunikasjonssjef Eystein Kvarving skal over i en prosjektstilling ved Forsvarets høgskole, der han skal jobbe med å utvikle det langsiktige og strategiske militære samarbeidet mellom Ukraina og Norge.
Rettelse: I den opprinnelige versjonen av saken sto det at Kvarving skal inn i en prosjektstilling i Forsvarsstaben. Det riktige er Forsvarets høgskole. Rettelsen ble gjort 2.3.2026 kl. 07.05.