Nyheter

USA testar nye langdistansemissil

Det amerikanske sjøforsvaret er i gang med å teste eit nytt missil. Det skal vere kraftigare enn både AIM-120 og den ferske AIM-174B, skriv Aviation Week.

Militært jagerfly i luften over skyer, hav og kystlinje.
NYE MISSIL: Det amerikanske sjøforsvaret har publisert dette biletet av eit fly ladd med AIM-424, som no er i testfasen.
Publisert

USA er i gang med testing av det nye langdistanse luft-til-luft missilet AIM-424 «Malice», seier det amerikanske sjøforsvaret i ei pressemelding.

Missilet blei først vist fram laurdag på Tailhook-symposiet, ei årleg militærmesse i Reno, Nevada.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

«Malice», som er kjent som ein LRAAM, blir utvikla til bruk i flya F/A-18, F-35 og F/A-XX, melder Aviation Week.

– Med auka rekkevidde, drapsemne og kampeffektivitet for marine styrkar, leverer AIM-424 eit generasjonshopp i luftdominerande kampkapabilitet, seier leiar Phil Jasper for RTX, som utviklar missilet, til avisa.

RTX heitte tidlegare Raytheon Technologies.

Meir konkret informasjon om missilet er gradert av det amerikanske militæret, seier USA sitt sjøforsvar i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS