Nyheter
Forsvarstilsett døydde etter ATV-velt under øving
Ein ATV-førar i Forsvaret døydde sist vår etter at køyretøyet velta i bratt terreng, skriv Havarikommisjonen. Sidan har Forsvarsbygg skjerpa opplæringskrava.
Ein tilsett i Forsvarsbygg døydde sist vår etter at ATV-en dei køyrde velta under ei øving, skriv Statens havarikommisjon (SHK) tysdag.
Ulukka skjedde på Hengsvann skyte- og øvingsfelt under arbeid med å finne, fjerne og uskadeleggjere udetonerte eksplosiv, ifølge SHK.
– Undersøkinga har vist at velten truleg var grunna køyring i bratt og skrånande terreng, samtidig som at ei grein sette seg fast i forstillinga og påverka styringa under køyring, skriv kommisjonen på sine nettsider.
– Det er truleg at dette kom overraskande på føraren.
Personen, som jobba som driftsteknikar i Forsvarsbygg, blei erklært død på staden.
Det var ingen tekniske feil på køyretøyet, konkluderer SHK i sin rapport.
– Ein kjær kollega
– Forsvarsbygg mista ein kjær kollega i ei tragisk arbeidsulukke ved Hengsvann skyte- og øvingsfelt for eit år sidan, seier Ingrid Moesgaard Rasmussen, avdelingsleiar for HMS i Forsvarsbygg, til Forsvarets forum.
– Det har vore ei tung tid, og for mange kjenst det framleis nært.
Ulukka skjedde trass i at dei hadde erfarent personell på staden, og tydeleggjer risikoen som følger med å jobbe i fjerne område med utfordrande terreng, seier Rasmussen.
Familien til den avdøde får oppfølging av Forsvaret si kontaktordning for pårørande, som Forsvarsbygg er ein del av, fortset ho.
No har Forsvarsbygg skjerpa krava for opplæring i ATV-køyring for å hindre at liknande hendingar skjer i framtida, seier dei.
Blant desse er at alt personell som skal køyre ATV får 40 timars opplæring ved Forsvaret sin køyreskule.
Eit anna er innkjøp av nytt kommunikasjonsutstyr, som skal fungere i område som ikkje har mobildekning.