Nyheter

VUNNE OPPDRAG: Forsvarsminister Bjørn Arild Gram rosar norsk forsvarsindustri etter at det europeiske forsvarsfondet har blitt fordelt. Bilete er tatt under utdanninga av ukrainske soldatar i Trøndelag.

Norske aktørar har vunne oppdrag for 450 millionar kroner

Det europeiske forsvarsfondet (EDF) har blitt fordelt og norske aktørar vil til saman få 450 millionar kroner i prosjektstøtte.

Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Fondet gir støtte til 17 forskjellige forsknings- og utviklingsprosjekt.

– Det er all grunn til å rosa norsk forsvarsindustri og forskingsmiljø for dette. Eg håpar bedriftene kan bruka deltakinga for å sikra innpass for fleire norske forsvarsprodukt på den europeiske marknaden, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

EDF er eit initiativ frå EU for å forbetra forsvarssamarbeidet mellom medlemslanda og Noreg deltek i EDF gjennom EØS-avtalen.

«Prosjektstøtta opnar for at norsk forsvarsindustri får større innpass for produkta sine hos dei store leverandørane i Europa, samtidig som det bidreg til å gjera neste generasjon av Forsvarets utstyr betre og meir tilpassa Nato-operasjonar.» Skriv regjeringa i pressemeldinga.

Forsvarsministeren seier at dei veit at satsing på forsking og utvikling no vil vera avgjerande for langsiktig norsk forsvarsevne. Og at krigen i Ukraina har vist kor viktig innovasjon er i møte med ein større motstandar.

I år får ti nye småbedrifter delta i prosjektet.

– Deltaking i EDF gir dei ein rimeleg unik tilgang på finansiering, kunnskap og nettverk, seier forsvarsminister Gram.

Powered by Labrador CMS