Nyheter

Sør-Korea vil bygge eigne atomdrivne ubåtar

Planen er å lansere sitt første atomdrivne undervassfartøy midt på 2030-talet, seier den sørkoreanske forsvarsministeren.

AMERIKANSK TEKNOLOGI: USA har tidlegare sendt atomdrivne ubåtar for å hjelpe det sørkoreanske militæret. No ønsker Sør-Korea å lage sine eigne.
Publisert

Styresmaktene i Sør-Korea ønsker å auke avskrekkingsevna mot sin nordlege nabo, og fekk i fjor lov av USA til å bruke atomspalting som energikjelde.

No skal dei lansere sine eigne atomdrivne ubåtar, sa forsvarsminister Ahn Gyu-back på eit forsvarsstrategimøte denne veka, skriv The Defense Post.

– Vi skal utvikle og bygge atomdrivne ubåtar med vår eigen teknologi, for å lansere det første fartøyet midt på 2030-talet, sa ho til dei frammøtte ifølge avisa.

Også Sør-Koreas president, Lee Jae Myung, var til stades på møtet, skriv dei. 

Dette er noko landet har ønska seg lenge, som ei motvekt til dei aukande truslane frå Nord-Korea.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Men styresmaktene har til no vore hindre av ein atomsamarbeidsavtale med USA, som inneheldt eit forbod mot å opprike uran og omprosessere brukt drivstoff.

– Republikken Korea står fast ved sin posisjon om at det ikkje prosesserer noko form for atomvåpen, og kjem ikkje til å utvikle dei, sa Ahn.

Powered by Labrador CMS