Åsegarden leir lagt ut for sal

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

​Den tradisjonsrike leiren i Harstad har hatt raudt lys i fleire år. No har Forsvaret sagt opp Åsegarden leir og tida med mellom anna alliert trening er over. Dei allierte fortset treninga si i indre Troms. Det skriv Forsvarsbygg i ei pressemelding. Forsvaret sa opp avtalen med Åsegarden leir i september, og no er tida inne for å gå gjennom alt av inventar som tilhøyrer Forsvaret. Noko av inventaret, som senger og skap, har Forsvaret behov for i dei nye allierte treningsleirane som blir oppretta på Skjold i Målselv, Troms. Wenche Georgsen, regionsjef i Hålogaland, stadfestar at prosessen no er i gang med avhending av leiren.  – Det er ein god del praktiske forhold som skal avklarast før leiren kan seljast.

Powered by Labrador CMS