Nyheter

Trur samarbeidet i Arktis består: – Dette her er Homeland Defence

Forsvarsministeren har alltid med seg eit kart over dei norske havområda, i tilfelle han «skulle møte ein amerikanar». No har han sendt ein kopi til Trump.

VIL ENNO SAMARBEIDE: Tore O. Sandvik meiner vi må fortsette å samarbeide nært med USA. Men han skulle ønske presidenten deira var meir føreseieleg, seier han spøkefullt under foredraget.
Publisert

– Eg opplever at fleire er redde. Krigen som rasar i Ukraina, og den nye uføreseielegheita frå vår viktigaste alliert, skapar uro og utryggleik.

Slik reflekterer forsvarsminister Tore O. Sandvik om situasjonen det norske samfunnet står i.

Kommentarane kjem under eit føredrag om dagens forsvarsutfordringar hos Oslo Militære Samfund. 

Mykje av innhaldet gjeld, både direkte og indirekte, oppførselen til Donald Trump.

– Mange blir sinte. Over utfalla mot Grønland, men også når den amerikanske presidenten snakkar ned innsatsen våre soldatar gjorde saman med allierte i Afghanistan, seier han til dei frammøtte, og slår fast:

– Alle falne, etterlatne og veteranar skal bli omtalte med sanning og respekt.

Føredraget på Oslo Miltære Samfund fann stad måndag kveld.

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

Sandvik viser fram eit kart over dei norske havområda i Arktis. Han seier at ein kopi av dette blei delt med den amerikanske Nato-ambassadøren natt til måndag norsk tid, med Trump som slutt-mottakar.

Poenget var å vise presidenten at forsvar mot russiske kapabilitetar på Kolahalvøya er forsvar av USA på heimebane. 

– Per no er aktiviteten størst i austre delar av Arktis. Så vi er opptekne av, når vi set i gang tiltak, at det skjer der trusselen er størst, fortel Sandvik til Forsvarets Forum etterpå.

Faktisk Verifiserbar kallar ei ubåthamn i Murmanskfjorden på Kolahalvøya for «Russlands atomknyttneve›.

Sandvik seier at våpena her ikkje først og fremst er retta mot «Kirkenes og Oslo», men andre, større aktørar.

– Det viktigaste no er anerkjenninga av at Arktis er viktig, seier Sandvik om samtalar med den amerikanske presidenten.

 – Er det problematisk å skulle involvere USA i styrkinga, no som det har vore snakk om Grønland og Svalbard som moglege amerikanske ressursar?

–  Nei. USA er det skumlaste landet i verda for dei som blir uvennar med dei, deriblant også Russland, svarar han.

– Det å passe på det som skjer på Kolahalvøya er Homeland Defence. Det er difor amerikanarane er så tett på saman med oss, og opererer her jamleg med oss.

Dette trur han at dei vil fortsette med.

– USA vil i henhald til sin strategi forbli engasjerte i Europa og i Nato.

Powered by Labrador CMS