I ein bitter krig mellom langtidsfiendar, dukkar det opp iransk-amerikanske jagarfly og amerikansk-iranske dronar. Korleis?
REGIONKRIG: Kampane mellom Iran og USA/Israel har spreidd seg. Her har eit missil gått ned ved flyplassen i Qamishli, Syria.Foto: Orhan Qereman, Reuters, NTB
Då Israel og USA gjekk til angrep på Iran laurdag morgon, utløyste dei kampane samtidig frå land, lufta og til sjøs, skriv Business Insider.
Annonse
Innan måndag hadde Israel angripe 3400 mål i Iran, og USA 3000, ifølge Instituttet for nasjonale tryggingsstudium (INSS), som held til i Tel Aviv.
Til gjengjeld hadde Iran sendt opp 705 missil og 2115 dronar, skriv INSS vidare.
USA og Israel er militært overlegne. Men det betyr ikkje at dei når måla sine lett, seier oberstløytnant Kyrre Tromm Lindvig, hovudlærar ved Stabsskolen i Forsvaret.
– Dersom det stemmer at iranarane har grave seg langt inn i fjellet med missilsystem, skal det heilt utruleg mykje til for å ta ut alle desse. Iran kan framleis snike missil eller dronar ut, seier Lindvig.
– Iranarane treng ikkje å ha så mykje igjen, men det dei har kan framleis ha stor effekt på allierte til USA. Og det vil vere ei belastning, særleg over tid.
To enorme hangarskip
Før kampane starta i helga, stasjonerte USA to av sine hangarskip - USS Abraham Lincoln og USS Gerald R. Ford – i Midtausten. Det siste av desse to er verdas største.
Kvar av dei hadde med seg tre jagarar som eskortefartøy, og har plass om bord til 90 fly.
BBC Verify og Business Insider har identifisert dei seks skipa i flåtegruppene, i saker publiserte 20. og 18. februar.
TO FLÅTEGRUPPER: Slik skal dei to amerikanske flåtegruppene i Midtausten vere utstyrte. Opplysingane er samla frå BBC Verify og Business Insider.Grafikk: Oda Eggesbø Ottesen
Utan å ha talfesta flya nøyaktig, identifiserer dei sju modellar om bord i dei to hangarskipa.
Jagarane var på si side utstyrte med Tomahawk cruisemissil, skriv Business Insider og siterer lukka kjelder.
USA har svært mykje slagkraft i området, seier hovudlærar ved Krigsskolen i Forsvaret, Sebastian Langvad.
– Det dei innleiar krigen med er typisk dei aller dyraste våpensystema og ammunisjonstypane. Det er det som må trenge igjennom når Iran framleis er velfungerande, seier han.
– Når dei har klart å vinne luftherredømet, for eksempel, kan dei byrje å bruke enklare fly og billigare ammunisjon. Det er det stadiet dei har komme til no, og der har dei veldig djupe lager.
Hevdar slutt på F-14
Tidleg søndag annonserte det israelske militæret (IDF) at dei hadde klart å øydelegge basen som inneheldt Iran sine aller siste F-14 jagarfly.
Opplysingane er ikkje bekrefta frå uavhengig hald, men det var meldt at dei aller siste flya av denne typen stod på flybase 8 i Isfahan, skriv The Aviationist.
TOMCAT: Grumman F-14 blei fasa ut av USA tidleg på 2000-talet. Her står ein på USS Theodore Roosevelt i 1989.Foto: Gianni Foggia, AP, NTB
F-14 er amerikanskproduserte, og blei selde til styresmaktene i Iran på 70-talet, før landet blei til Den islamske republikk.
Totalt skal landet ha hatt 30 til saman. Med mindre det har oppbevart andre under bakken, kan dei øydelagde flya vere dei siste operasjonelle F-14 i verda, ifølge The Aviationist.
Kopi av iransk drone
USA brukte i helga ein «ny» kamikazedrone i kamp for første gong, seier ein av militærets kommandosentralar.
Namnet er kort for Low-cost Uncrewed Combat Attack System.
SHAHED 136: Dette skal vere den iranske dronen som USA har brukt sin eigen versjon av i angrepet. Her blir den vist fram i Polen, i samband med bruken på russisk side av slagmarka i Ukraina.Foto: Kin Cheung, AP, NTB
Det internasjonale instituttet for strategiske studium (IISS) har ei løpande oversikt av USA sitt dronearsenal.
LUCAS står ikkje på lista enno, men vi har tilført den i vår oversikt:
Grafikk: Oda Eggesbø Ottesen
Slik ser det iranske dronearsenalet ut, etter det IISS kjenner til:
Desse dronemodellane har Iran på lager, ifølge IISS. Sjø- og bakkedronar er utelatne.Grafikk: Oda Eggesbø Ottesen
– Shahed-dronane og variantar av dei blei kjente for Europa via Ukraina-krigen. Dette er noko Iranarane er ganske flinke på å lage, seier Lindvig.
– Dersom dei klarar å sende nok dronar i ei retning, kan dei mette luftforsvaret, som det heiter. Det vil seie at det ikkje er nok rakettar til å skyte ned alt som kjem.
Midtaustens største missilarsenal
Iran er landet med det største og mest varierte missilarsenalet i Midtausten, skriv tankesmia Senter for strategiske studium (CSIS).
Dei har samla ei oversikt over landet sine cruise- og ballistiske missil. Totalt hadde dei fleire tusen før kampane braut ut, ifølge CSIS:
Henta frå CSIS si oversikt over iranske missil, og oppdatert i mars 2026.Grafikk: Oda Eggesbø Ottesen
Fleire små land i Midtausten kan etter kvart gå tomme for avskjæringsrakettar, og difor bli sårbare, meiner Lindvig.
Men ingen veit om krigen kjem til å fortsette så lenge.
– Det er ein utruleg kompleks militæroperasjon USA og Israel driv med her, seier han.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Det er avgrensa kor lenge du kan halde den intensiteten, også for eit land som USA.
Langvad meiner på si side at det iranske luftvernet verkar vesentleg svekka. Han viser til at USA allereie brukar billig ammunisjon mot iranske mål, og truleg Reaper-dronar som elles er sårbare for luftvern.
Ikkje minst:
– Iran har fått ei veldig redusert emne til å drive motangrep med langdistanse presisjonseld, legger han til.
– Det ser vi tydelegast på det veldig bratt avtakande volumet av missiloppskytingar. Det fell eksponentielt kvar dag frå iransk side.