Nyheter

Danmark kjøper fleire norske missil

Danskane kjøper fleire Naval Strike Missil til 400 millionar kroner for å styrke kystforsvaret sitt.

AVTALE: Danmark skal kjøpe inn eit ukjent antal Naval Strike Missile (NSM) frå Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

Frå før er det kjent at Danmark kjøper Naval Strike Missile (NSM) for to milliardar kroner. Forsvarsmateriell skriv i ei pressemelding at den nye signeringa er ei utviding av avtalen innkjøpsavtalen frå i fjor. 

– Dei nordiske landa og heile Nato rustar no opp forsvaret vårt. Eg er glad for at Danmark no forsterkar forsvaret sitt med fleire NSM-missil frå norske Kongsberg. Det bidreg òg til auka tryggleik for heile Norden og alliansen, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik i pressemeldinga.

Frå før har Latvia, Noreg, USA, Polen og Romania kjøpt inn kystartillerisystemet laga av Kongsberg. Salet til Danmark skjer via norske Forsvarsmateriell til søsterorganisasjonen Forsvarsministeriet Materiel- og Indkøbsstyrelsen (FMI).

Eit missil veg 400 kg, har eit stridshovud på 120 kg og ei rekkevidde på rundt 300 km. NSM kan bli skotne ut frå både skip og mobile utskytingsrampar på land. 

Powered by Labrador CMS